Takk til Bjørnar
Styreleiar Anna Margrethe takkar Bjørnar for ei flott reise i nærmiljøet formidla med bilde og tonar. (Foto: Eva Hove)
19. aug 2019 Mental Helse Stordal

Dei gode opplevingane i nærmiljøet

Etter ein fin sommar er vi i gang att med møteplassen og tema. Bjørnar Midtbust som saman med ordføraren vår er ein ivrig turgåar, synte bilde og formidla opplevingar i naturen rundt oss.

Han fortalde at på kvar tur tek han om lag 150 bilde. Dei har sitt uttrykk og syner ei stemning. Lyset, fargane og motivet skiftar oftast fort. Bilda må takast der og då, straks. På turane opplever ein dyra på nært hald, men dei er ofte vanskelege å få festa på filmen. Likevel, han trefte på eit ekorn som roa seg så lenge på ei grein at han fekk teke bilde. Av og til er fargane i naturen alt ein treng, men dei skiftar fort. Kveldane byr på vakre og skiftande fargar, og bilda må knipsast fort. Ved å gå nært innpå motiva, fangar ein opp dei små vakre detaljane naturen byr på.

Bjørnar tok oss med til traktene i nærmiljøet. Mange av oss tjuefem som møtte, fekk gjensyn med fjella og sætrane i Stordal. Vi fekk møte hareungen som heldt til under hytta hans på Langsætrane. På stølen ligg kyrne i graset; over dei kviler det ro. Der dyra er, er også ungar. Det er ei eiga tiltrekningskraft mellom dei. Badedammen i elva med kulpar er herlege badeplassar i storslått natur.

Han tok også fram at mange av turane kan vere krevjande og somme tider slitsomme, med dei gjev opplevingar; ein når eit mål og vert gjerne belønna med utsikt. Det å ferdast i skog og mark, vere ute i naturen gjer godt for den mentale helsa. Bjørnar synte også ei rekkje bilde frå Stordal til tonar av Stordalssongen.

Nedanfor er nokre av Bjørnar sine bilde.

Flere saker fra Mental Helse Stordal